Ingredienser

4-5 kokte poteter
2 kokte gulrøter
2 finhakka løk
¼ ts gurkemeie
2-3 ss olje
1-2 ss finhakka persille
3 egg
½ dl griljermjøl
salt og pepar
smør til steiking

Tilberedning

1. Skrell og mos dei kokte potetane og gulrøtene.
2. Steik løken gyllengul i oljen samn med gurkemeien.
3. Bland mosen saman med løken i ein rommeleg bolle saman med resten av ingrediensane.
4. Varm smør i ein steikepanne. Form små, flate biffar og steik dei til dei har fått fin farge på begge sider.
5. Serverast enten som eit lett måltid saman med salat eller til kjøtt- og fiskeretter.