Ingredienser
To faste pærer
3 dl matyoghurt
3 ss hakka dill
3 ss hakka grasløk
Salt, sukker og peppar
Tilberedning
Skrell og riv pærene. Ha yoghurten i ein bolle, og bland i dei rivne pærene. Bland i urtene. Eg klipte mine urter med saks, først ut av bedet og så over bollen. Det blir mindre svinn når ein sparer turen om fjøla. Smak tzatzikien til med salt, sukker og peppar. La tzatzikien stå litt mellom kvar tilsmakingsrunde, smakane må få sette seg litt før du veit om den er passe søt, salt og sterk.