Ingredienser:
100 gr sukker (1dl),
250 gr margarin (fattigfolk brukte ikkje smør, men bruk gjerne det),
1 egg,
1ss fløyte,
1ts vaniljesukker,
350gr kveitemjøl (7dl),
100gr potetesmjøl (1,5dl),
1ts bakepulver.
kremen:
150gr delfiafeitt,
ca 150gr (3dl) melis,
1ts romessens.
Tilberedning:
Rør smør og sukker kvitt. Tilsett resten og arbeid det saman til ein smidig deig.
Deigen må setjast kjøleg i 1time (lettare å arbeide med då). Kjevl ut på bordplata (bruk mjøl under og på kjevla). Stikk ut kjeksen med eit likørglas/eggeglas).
Steik på 180grader i 5-10min. Er vanskeleg å seie. Dei skal ikkje bli brune, men gulkvite. FØLG MED! Det går fort.
Kremen
Smelt feittet. Bland i melisen og essensen. La det kjøle bittelitt før du legg det på halvparten av kjeksane.