Ingredienser

200 g bladspinat (helst fersk)
100 g grasløk
100 g persille
100 g dill
2 pressa kvitløkfedd
6-8 egg
2-3 ss olje
salt, pepar og gurkemeie

Tilberedning

1. Finklipp alt det grønne, eller hakk det fint med kniv. Varm olje i ein steikepanne. Press kvitløken direkte i panna. Tilsett grønsakene og fres dei på middels varme til volumet er redusert til det halve.
2. Visp egga med salt, pepar og gurkemeie i ein bolle. Rør ned dei steikte grønsakene.
3. Tilsett meir olje i steikepanna om nødvendig. Hell blandinga i panna og steik omeletten i 10-15 min. på svak varme, eller til den har fått fin farge på begge sider. (Vend omeletten ved hjelp av eit lokk eller ein stor flat tallerken)