Ingredienser

Lag først ein sjokoladekrem av 100 gram sukker, 2 ss kakao og 3/4 dl mjølk. Alt rørast saman og vert gitt eit oppkok før det avkjølast.

100 gram sukker rørast kvitt med 75 gram margarin. Ha i 2 egg vekselvis med 2 dl mjøl tilsatt 1 ts bakepulver. Til sist har vi sjokoladekremen i. Hell i smurd form og steik i 35-40 minutt på 180 grader.

Tilberedning

Ha på sjokoladeglasur: 50 gram smør smeltast (ikkje la det bli for varmt!). Ha i 3 ss varmt vatn og 2 veeeldig toppa ss sikta kakaopulver. Rør godt med ein gaffel. Pøs på med sikta melis, rør og rør, til glasuren er passe. Spre over kaka og ha på pynt.

Men OBS: Denne må du nok tredoble for å fylle en langpanne!