Ingredienser

Marinade
2 dl appelsinjuice
2 dl kvitvin
1 sitron i skiver
4 ss olivenolje
4 ss eddik
ss soyasaus
2 ts salt
2 ts salt
2 ts grillkrydder
1 ts kvitlaukspulver

Tilberedning

Del ribbene i smale bitar og la dei liggje i marinaden i ca. 2 timar.

Legg ribbene utover på langpanna og steik dei ca. 30 min på 150 grader. Ta dei ut og sjå etter at kjøtsidene ligg opp. Steik dei vidare på ca. 180 grader i 15-20 min. Pass på at ribbene ikkje vert for hardt steikt. Det er stor skilnad på ribber av kje på 3 og 10 kilo, så når det gjeld temperatur og steiketid må ein rett og slett prøve seg fram.

Tomatsalat høver godt å servere til grilla kjeribber.