Ingredienser
3 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
2 ss margarin
¾ dl sukker
1½ dl peanøtter
1 egg
0,35 dl mjølk
olje
Tilberedning
1. Sikt mjøl og bakepulver i ein bolle. Gni i margarin med hendene. Ha i sukker og halve peanøtter i blandinga.
2. Tilsett egg og mjølk. Arbeid deigen godt med hendene og rull deigen til ein pølse 2 cm tjukk. Del deigen i bitar på 2*6 cm.
3. Varm opp olje i ein panne eller gryte slik at det nesten dekker kakene. Legg stengene i oljen og steik dei til dei er gyllen brune. Oljen må ikkje vere for varm.
4. Ta peanøttstengen opp med t.d to gaflar og la dei renne av seg på kjøkkenpapir.