50 g sjokolade
1 eggekvite
50 g melis
1 ts balsamicoeddik eller ein annan søt eddik
1 klype salt
Grovhakk sjokoladen, og smelt den forsiktig i vassbad. Eg brukar sette ei suppeskål oppi ei gryte med kokande vatn. Ikkje rør for mykje i den, då kan den bli kornete. Pass også på at den ikkje blir for varm. Nokre brukar mikrobølgeovn, det går sikkert fint, eg har det ikkje, så eg veit ikkje.
Pisk eggekvita med eddiken og saltet. Du kan også bruke bringebæreddik, eplesidereddik eller kvitvinseddik. Saltet må med for å framheve sjokoladesmaken. Når eggekvita er halvstiv kan du byrje ha i melisen litt og litt. Eg brukar melis i staden for sukker fordi då slepp eg å piske kvita så lenge for å få bort sukkerkorna. Har du berre sukker må du vurdere om du heller vil ha sjokolademousse med sukkerkorn enn ikkje sjokolademousse…
Pisk til eggekvitemassen er blank og fast. Vend inn sjokoladen i eggekvitemassen. Hell røra i to pene, høge glas, og set moussen kaldt så lenge du klarer å vente. Server med ein krem av ein pakke kremost med mandarin- og ananassmak som du piskar luftig med 2-3 spiseskeier mjølk og ein heil del Grand Marnier.