3 koppar mjøl
1 ts bakepulver
2 1/2 kopp vatn
1/2 ts salt
3 ss brunt sukker
2 eggeplommer
olje til frityrsteiking
sukker til å rulle dei i (kan evt drysse melis over i staden, eg synes det er betre)
Kok opp vatn med salt og sukker til det løyser seg opp, ha i mjøl og bakepulver og mix til det blir ei fin røre. Visp eggeplommene inn i røra og la røra kjøle seg ned. Dersom du har ein slik krempose med stjernenase (veit ikkje kva det heiter på norsk) er det fint å klemme ut churrosen med, i Mexico har dei jo eit eige instrument for dette.
Varm opp oljen til ein brødbit flyt opp og blir gyllent brun etter eit minutt. Steik avlange bitar av røra i 3-4 minutt, legg på kjøkkenpapir for å tørke og dryss melis/sukker over, skvis gjerne litt limesaft over også!)
Hvordan oppbevares churros? Kan de spises? Må de varmes opp før servering, eller kan de spises kalde?