400 g pasta(eg brukte rør)
400 g godt krydra pølser
1 pakke fetaost i olje(dei halvmåneforma med oliven i)
Ein halv agurk
Ein raud paprika
Ein liten raud løk
Ein boks artisjokkhjerte
1/2 dl god eddik, estragon eller eplesider
Hakka persille, salvie og timian
Kok pastaen i godt salta vatn. Skyll den fort, men den skal framleis vere lunka. Skjer pølsene i små, skrå skiver og steik dei til dei er gyldne. Sett dei til side. Hakk paprika, agurk og raud løk fint. La vatnet renne av artisjokkhjerta og del dei i fire. La oljen renne av fetaosten. Ha den i ein bolle, og bland den med eddiken. Hakk urtene, og ha det i dressingen. Bland alt, og slå dressingen over. Server med nysteikt godt brød.